Månedlige arkiver: september 2014

Kan vi kalle oss idrettspedagog?

Denne teksten er ein forkorta versjon av eit føredrag eg heldt på Beitostølen helsesportsenter i samband med at nestoren på fagområdet tilpassa fysisik aktivitet, Inge Morisbak, går av med pensjon. Inge var den første idrettspedagogen i Norge (Andersen, 2010), og Inge har vore sentral i oppbygginga av det studieprogammet ved Norges idrettshøgskole som i dag heiter Fysisk aktivitet og funksjonshemming (FAF). FAF-studiet har alltid hatt som føremål å utdanne idrettskandidatar til å arbeide innanfor blant anna rehabilitering.

Eit av spørsmåla eg ofte får frå studentar om dei kan bruke tittelen idrettspedagog. Spørsmålet frå studentane er, slik eg ser det, både eit uttrykk for eit behov for avgrensing mot andre yrkesgrupper, men kanskje mest av alt eit uttrykk for at dei siktar seg inn mot eit felt der dei har ein uklar status. I motsetnad til mange andre yrkesgrupper innanfor helsefeltet, så vil ikkje våre studentar få ein beskytta tittel eller ein autorisasjon. Difor er det viktig å klargjere kva ein idrettspedagog er og kva han/ho gjer? For å få hjelp til å svare på desse spørsmåla kan vi vende oss til profesjonssosiologien.

Profesjonssosiologi

Ei yrkesgruppe, seier sosiologen Talcott Parson, «utfører visse relativt spesialiserte funksjonar for andre (‘lekfolk’) i samfunnet på basis av avansert og spesialisert kompetanse, med eit tilhøyrande tillitsbasert ansvar» (Parson, 1978, s. 40, sitert i Terum & Heggen, 2008, s. 14).

Kroppsøvingslærarar har ei distinkt (dvs. tydeleg og avgrensa) oppgåva i skulen, nemleg å ivareta arbeidet for at elevane når måla som er formulert i læreplanen og andre offentlege styringsdokument. Dette gjer dei ved hjelp av ein kompetanse som er avansert og spesialisert, i alle fall i den forstand at ein kan ta ei treårig høgskuleutdanning for å kvalifisere seg til yrket. For idrettsvitskaplege utdanningar som er retta mot arbeid innanfor rehabilitering eller folkehelsearbeid finst ikkje liknande reguleringar og rammeplanar. Det er heilt opp til institusjonane, som konkurrerer om å tiltrekke seg studentar, å definere innhaldet i utdanningane dei tilbyr.

Ein distinksjon i profesjonssosiologien er mellom organisatoriske og performative aspekt ved profesjonar. Det organisatoriske aspektet handlar om på kva måtar ei yrkesgruppe kan ha kontroll over arbeidsoppgåvene sine. Dette går både på at yrkesgruppa har ei form for monopol på å utføre visse arbeidsoppgåver (t.d. er det berre elektrikarar som lovleg kan utføre elektrisk arbeid når eg skal pusse opp huset mitt). I tillegg har yrkesgruppa kontroll over korleis arbeidsoppgåvene skal løysast: dei har medbestemming når det kjem til standardane for yrkesutøving. Til slutt er det også eit viktig kjenneteikn ved det organisatoriske aspektet at ein profesjon opptrer som ei organisert gruppe. Yrkesgruppa har ei kollektiv sjølvforståing og arbeider saman for å verne om sine interesser.

Det performative aspektet handlar om utøving av profesjonell praksis, altså det som føregår når yrkesutøvarar nyttar kunnskapane og ferdigheitene sine i arbeidet med andre menneskje. Profesjonar yt såleis tenester overfor «klientar» som er avhengige av tenestene i den forstand at klienten søkjer ei endring som dei ikkje kunne fått til sjølv, i alle fall ikkje like raskt og effektivt.

Profesjonell praksis er kjenneteikna ved at den involverer vurderingar som krev skjøn. Dette gjer og at profesjonell praksis er feilbarleg og prega av uvisse omkring konsekvensane av dei ulike handlingsvala som den profesjonelle tar. Vurderingane av praksis må, for å vere profesjonelle, styrt av eit sett med kriterier som er opne og offentlege. Dvs. at det ikkje kan vere opp til den enkelte yrkesutøvar åleine å bestemme kva som er standardane for god og dårleg praksis. Molander og Terum (2008) viser til tre typar av krav. Dette er epistemiske, altså krav til kunnskapen, vidare er det moralske krav som rører ved profesjonsetikken og til slutt pragmatiske krav som handlar om kor formålstenelege dei profesjonelle tenestene er.

Tidlegare studentar fortel meg ofte historier om at dei søkjer på jobbar der deira idrettsfaglege kompetanse er etterspurt,  men at dei tapar i konkurransen. Frå studentane sine perspektiv ser det ut til at kven-som-helst med ei helsefagleg utdanning og eigeninteresse for å arbeide med fysisk aktivitet kjem først i køa. Eg har også både sett og høyrt om tilfelle der det er lyst stillingar som idrettspedagog, utan at den som har blitt hadde idretts- eller pedagogisk utdanning. Dette trass i at det var søkjarar med FAF-utdanning.

Kva kan idrettspedagogane gjer sjølv?

Eg får ofte spørsmål om ikkje NIH burde jobbe for å gjere idrettspedagog til ein beskytta tittel. Mitt svar på dette er kanskje det, men kva gjer dei som alt har desse stillingane for å beskytte tittelen?

Mi vurdering er at det er gjennom utøvinga av ein profesjonell yrkespraksis idrettspedagogar kan skape aksept og forståing for at det finst eit oppgåveområde innanfor rehabilitering og folkehelse som er best løyst av personar med idrettspedagogisk utdanning. Dette finst det nokre gode eksempel på. Men, med bakgrunn i den korte utgreiinga frå profesjonssosiologien vil eg spørje om idrettspedagogane:

  • har ei felles forståing av kva som er deira oppgåveområde?
  • er organisert i ei fag- eller interesseforeining?
  • arbeider med å påverke institusjonane sine for å argumentere for og verne om det idrettspedagogiske oppgåveområdet?

Kva kan utdanningsinstitusjonane gjere?

Idrettspedagogar har etter kvart blitt ei etablert gruppe i enkelte rehabiliteringsinstitusjonar. Ein suksessfaktor for FAF-studiet er at det alltid har vore klart at idrettspedagogar skal stå for ein komplementær kompetanse samanlikna med tradisjonelle helsefagarbeidarar. Ein idrettspedagog driv ikkje først og fremst behandling. Idrettspedagogar har som sitt ‘verktøy’ fagdidaktiske og pedagogiske teknikkar, grep, verkemiddel. Hensikta med det idrettspedagogiske arbeidet – og det er dette som er oppgåveområdet vårt – er å skape deltaking og læring i bevegelsesaktivitetar.

For å kunne kalle seg idrettspedagog meiner eg at det finst nokre minimumskriterium:

  1. Ein må ha basisår i idrettsvitskap: her tileignar utviklar studentane ei heilskapleg      kompetanse med sikte på å leie lærings- og utviklingsprosessar hos andre.
  2. Ein må ha ei viss mengde med pedagogisk utdanning utover basisåret. Det burde vere meiningslaust å kalle seg sjølv for pedagog i profesjonelle samanhengar dersom ein ikkje har pedagogisk utdanning. (Sjå også tidlegare innlegg her og her)
  3. I og med at vi her snakkar om rehabilitering og kanskje også folkehelse er det viktig å kunne noko om dette området. Kor mykje kandidatane våre skal kunne om funksjonshemming, sjukdom eller u-helse er eit diskuterbart spørsmål. Noko må dei kunne, men samstundes – dersom dei skal vere komplementære til meir tradisjonelle grupper i helsevesenet – er for mykje overlapping på dette området ikkje hensiktsmessig. Kanskje er det viktigare med andre perspektiv på funksjonshemming og sjukdom enn det medisinske?

Ideelt sett bør det idrettspedagogiske arbeidet kandidatane våre er i stand til å utføre vere så inkluderande at forskjelligheit ikkje er eit problem. Kompetansen studentane går ut av utdanninga med – og kompetansen dei seinare viser fram i arbeidssamanheng – må vurderast utifrå epistemiske, moralske og pragmatiske spørsmål: Kva er våre kunnskapar, kva er våre verdiar og kva for føremål tener vi som idrettspedagogar?

Kor vidt desse kvalifikasjonane er til stades i dei mange ulike idrettsvitskaplege utdanningane retta mot folkehelse og rehabilitering er eit opent spørsmål. Kanskje er det behov for eit slags praktisk-pedagogisk studium retta mot å utvikle nettopp desse kvalifikasjonane hos studentar som ønskjer å arbeide innanfor helsevesenet?