Er det meining i fysisk aktivitet?

Fysisk aktivitet blir ofte, og særleg i helsesamanhengar, definert som : ”enhver kroppslig bevegelse initiert av skjelettmuskulatur som resulterer i en vesentlig økning i energiforbruk utover hvilenivå” (sjå t.d. s. 9 i denne rapporten). Denne definisjonen er meiningslaus.

Med det meiner eg ikkje at den ikkje gir meining for ein fysiolog eller andre som berre er opptatt av å måle energiforbruk. Det eg meiner er at med omsyn til denne definisjonen så spelar det ikkje nokon rolle om det menneske som skapar dette energiforbruket spring på ei tredemølle med ein pistol mot hovudet eller er ute og spring ein tur i vakre omgjevnadar saman med kjærasten. Altså: det viser ikkje til ei meining utover energiomsetning.

Poenget er at eit slik forståing av fysisk aktivitet ikkje rommar to vesentlege dimensjonar ved det å vere i bevegelse: For det første, så skapar du meining og erfaring (sjå dette innlegget) når du beveger deg. Sagt enkelt: når du beveger deg, blir du bevegd. Sjølv om eksempelet over med tredemølla er overdrive, så er det slik at alle former for fysisk aktivitet har potensial i seg til å skape ulike erfaringar. Ein metode passar ikkje alle, nettopp fordi det ikkje er bevegelsen i seg sjølv som skapar meining for oss.

For det andre er deltaking i fysisk aktivitet noko som så å seie alltid skjer under blikka til dei andre. Ikkje nødvendigvis direkte på den måten andre ser og vurderer deg der og då, men like mykje slik at våre handlingar i verda er gjenstand for ei normativ vurdering, av oss sjølv som i større eller mindre grad er informert av andre sine blikk.

Dette perspektivet utvidar forståinga av fysisk aktivitet på den måten at når du gjere noko (som sjølvsagt også kan målast i energiforbruk), så gjer dette noko med deg. Det siste leddet kan ikkje fangast inn av eit reint fysiologisk perspektiv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.