Folkehelse og idrettspedagogikk – del 1

I eit blogg-innlegg på www.nih.no om tverrfagleg samarbeid om folkehelse blir det lagt opp til ein diskusjon om kandidatar som har bakgrunn i fysisk aktivitet og helse, personleg trening og idrettsbiologi kan vere komplementære til fysioterapeutar i folkehelsearbeid. Ein slik diskusjon legg opp til profesjonsstrid som truleg ikkje er spesielt nyttig, men frå mitt idrettspedagogiske perspektiv er det heller ikkje så vesentleg kva for faggruppe som har den beste ekspertisen på området «individuell trening». (Eg lurer meir på kva som er svaret på spørsmålet: Treningsekspert – ein ekspert i kva?) Frå ein pedagogisk ståstad er det derimot viktig å finne ut om dei fagfolka som gir seg i kast med å arbeide med andre menneske, som av ein eller annan grunn ønskjer å delta i bevegelsesaktivitetar, er innstilt på å undersøkje spørsmål som:

 

* Kva skjer i bevegelsesaktiviteten?

* Kva betyr det å vere involvert i bevegelse for den som beveger seg?

* Kan eg som fagperson forbetre den måten eg opptrer i min relasjon til deltakarane gjennom å forstå deira erfaringar på ein meir nyansert måte?

* Kan eg verdsette deira erfaringar av å vere i bevegelse som like truverdige og verdifull som mine erfaringar av å vere i bevegelse?

* Når eg spør etter deira interesser, ber eg dei om hjelp til å forstå deira verd slik dei ser den, slik at eg kan forstå mi profesjonelle verd i lys av deira erfaringar og interesser?

 

Desse spørsmåla er henta frå ein artikkel av Maureen Connolly (1995), som held fram med å seie: “Perhaps we might reconsider our teaching methods and styles; perhaps we might reconsider how we arrange time and space; perhaps we might reconsider what we mean by ‘fun’, ‘good’, and ‘success’ – perhaps by considering lived experience, we might begin to reconsider many of our assumptions” (s. 30).

 

For å kunne jobbe med andre menneske for å skape læring (eller åtferdsendring, om det er språket ein vil bruke), kan eg ikkje sjå at det er nokon veg utanom å forholde seg til desse spørsmåla, men i kor stor grad er folkehelsarbeidarar opptatt av dette?

 

Referanse:

Connolly, M. (1995). Phenomenology, Physical Education, and Special Populations. Human Studies, 18, 25-40.

 

 

Én kommentar til “Folkehelse og idrettspedagogikk – del 1”

  1. Jeg håper at dine spørsmål vil skape debatt Øyvind. Spørsmålene du stiller krever utforskning, belysning og flere svar enn den biomedisinske tradisjon kan gi. Hva betyr det å undervise andre i bevegelse? Jeg tror det bør snakkes mer om hvordan det å bevege seg har egenverdi og mening for den som beveger seg – og at det bør blir mer synlig at det finnes mer enn formålsrasjonelle posisjoner i dette feltet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.