Stikkordarkiv: freakshow

Freakshow eller folkeopplysning?

Øyvind Standal & Gro Rugseth

VIDEO: Freakshow eller folkeopplysning

Den tredje sesongen av TV-serien «Ingen grenser» hadde premiere i går kveld. Serien der 12 personar med ulike funksjonshemmingar skal på tur i villmarka, har blitt svært populær. Faktisk var den på eit tidspunkt det mest sette programmet på NRK, men serien var også omstridd og konseptet har fått kritikk både frå forskarar og aktivistar i funksjonshemmingsfeltet. Inspirert av ein ny sesong og på bakgrunn av kritikken programmet har blitt møtt med, spør vi «kva er det vi ser, når vi ser Ingen grenser?»

Freakshow?

Den kanskje mest omstridde kritikken av programmet var professor Per Solvang si utsegn om at «Ingen grenser» er «på grensen til en form for freakshow» Han blei møtt med kraftig fordømming fordi ein oppfatta at han stempla deltakarane i programmet – og dermed menneske med funksjonshemmingar generelt – som «freaks».

Historisk sett var freakshow ei nemning som blei brukt om sideattraksjonar til sirkus og tivoli, der folk mot betaling kunne sjå på menneske som avveik frå det normale. Døme på dette var slike figurarar som «verdas høgste mann», «den skjeggete kvinna» eller «den trebeinte fotballspelaren». På freakshow kunne ein oppsøke det uvanlege og stirre på det, utan den skamma som vanlegvis følgjer med det å bli tatt i å stirre (som når foreldre seier til barna sine at dei ikkje skal glo eller peike på folk barna blir opptatt av).

Produksjonsselskapet bak serien svarte med at dei synst det var overraskande at professoren ikkje hadde fått med seg den positive bodskapen om samarbeid og meistring som «Ingen grenser» etter deira meining representerer, men Solvang fikk også støtte for sin analyse. Leiar i organisasjonen «Stopp diskrimineringen» Berit Vegheim forsvarte bruken av omgrepet freakshow. Ho hevda at programmet ville vore heilt uinteressant dersom vi i Norge hadde hatt andre haldningar, færre fordommar og meir kunnskap om menneske med funksjonshemmingar. Ho meinte at majoritetens utilfredsstilte kikkertrang og behov for stadfesting av eigen normalitet, gjorde konseptet til same suksess som freakshows frå fortida. Frå hennar ståstad burde det ikkje vere noko sensasjonell nyhende at også funksjonshemma når toppen på høge fjell! (Sjå også diskusjonen om temaet i Trygdekontorets Mot normalt spessial!).

Problematisk kryssklipping

Forskar Halvor Hanisch har tatt opp ei anna side ved programmet, nemleg det han ser på som problematisk kryssklipping. Eksempelet han gir er frå ein sekvens der ein deltakar i et tidligare program fortel om korleis ho har blitt, og framleis blir, mobba og utestengt. Denne sterke historia blir så klipt saman med melankolsk musikk og bilete som viser deltakaren på veg mot målet for turen: toppen av fjellet. Altså ei samanstilling av ei trist og ei glad historie, slik vi såg fleire døme på i gårsdagens sending. Slike grep skaper ”godt TV”,  fordi det opnar for kjensla av intimitet med hovudpersonen og spelar på sjåaren sitt engasjement. Det Hansich problematiserer er at desse to historiene eigentleg har lite eller ingenting med kvarandre å gjere: At ho blir mobba er andre si skuld, medan prestasjonen ho gjer i serien er hennar forteneste. Som sjåarar risikerer vi å bli sittande igjen med berre ei «feel-good»-kjensle (den glade historia), sjølv om vi burde blitt provosert over den undertrykkinga folk med funksjonshemmingar kan oppleve (den triste historia). Når vi kan glede oss over hennar meistring, kan vi samtidig gløyme ansvaret vi alle har for å skape eit inkluderande samfunn.

Kva er det vi ser?

Uansett kva ein måtte meine om desse kritikkane, så rører debatten ved samfunnets kompliserte tilhøve til funksjonshemming, og vår oppleving av kva som er normalt og ikkje. Medan funksjonshemming i medisinske samanhengar per definisjon er noko statistisk sett unormalt – eit avvik frå det som er vanleg – så er det jo samstundes heilt vanleg at folk er annleis: Kven vil vel vere gjennomsnittleg? I dette spenningsfeltet kan vi alle vere meir eller mindre usikre på kva som er ”den riktige” forståinga av funksjonshemming.

«Ingen grenser» er omstridd fordi det kan sjåast på fleire måtar. Historiene programmet fortel blir oppfatta forskjellig. Dersom du sit igjen etter programmet og tenkjer at dette var fantastiske historier som viser kva funksjonshemma eigentleg kan, så har du jo på eit vis rett, men du bør også vurdere om dette er fordi du går til programmet med lite kunnskap om kva personar med funksjonshemmingar kan og ikkje kan gjere.

Dersom du sit att med tanken om at utfordringane funksjonshemma står overfor i stor grad kan løysast ved at dei berre prøver hardare, at problema sit mellom øyra og ikkje i kroppen, så har programmet vore ei bjørneteneste for menneske med funksjonshemmingar. Det er nemleg eit faktum at folk blir hemma i sin livsutfalding av fysiske og sosiale barrierar som er skapt av samfunnet. Å tru at alle problem kan løysast ved hjelp av vilje, er å legge all skuld for funksjonshemminga på individet. Sett på denne måten kan programmet vere med på oppretthalde undertrykkande haldningar i samfunnet.

Dersom «Ingen grenser» derimot får deg til å bli interessert i å forstå meir av livssituasjonen til menneske med funksjonshemmingar, at det finst nokre utfordringar som ikkje lar seg løyse ved at funksjonshemma «prøver hardare», då kan faktisk programmet ha oppnådd noko viktig. Kva du ser når du ser «Ingen grenser» kjem med andre ord an på auga som ser.